«Bus Stop» er ein song spelt inn og gjeven ut på singel av det britiske popbandet The Hollies i 1966. Singelen nådde femteplassen på UK Singles Chart. Det vart òg den første singelen til The Hollies som nådde topp 10 i USA, med ein femteplass på Billboard-lista i september 1966.

Bakgrunn «Bus Stop» vart skriven av den britiske låtskrivaren og framtidige 10cc-medlemmet Graham Gouldman, som òg skreiv store hittar for The Yardbirds («For Your Love») og Herman's Hermits («No Milk Today»), i tillegg til ein tidlegare Hollies-singel, «Look Through Any Window».

I eit intervju i 1976 sa Gouldman at ideen til songen kom til han medan han sat på bussen på veg heim frå jobb. Opningslinja vart skriven av faren hans, skodespelarforfattaren Hyme Gouldman. Graham Gouldman fortsette med resten av songen på soverommet sitt, og utanom mellomspelet, skreeiv han ferdig songen før han skulle til arbeid på bussen dagen etter.

Salslister

Vekeslister Liste (1966)PlasseringCanada (RPM)1New Zealand (Listener)Flavour of New Zealand, 30. september 19663Sweden1Storbritannia (UK Singles Chart)5US Billboard Hot 100Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - 5US Cash Box Top 100Cash Box Top 100 Singles, 24. september 19665

Årslister Liste (1966)PlasseringUS Billboard Hot 100Musicoutfitters.com45US Cash BoxCash Box Year-End Charts: Top 100 Pop Singles, 24. desember 196634

Andre versjonar Gouldman spelte inn songen på det første soloalbumet sitt i 1968, The Graham Gouldman Thing. Herman's Hermits (1966) Candies (på japansk) Classics IV spelte han i 1968 på albumet deira Spooky. Gene Pitney New Age-pianisten David Lanz spelte inn songen i 1998 på albumet Songs from an English Garden. Det israelske bandet Rockfour spelte inn ein hebraisk versjon av songen på albumet Resheth Parparim i 1991. I 1967 spelte det italienske bandet I Monelli songen på singel som «Sotto il mio ombrello» The Guess Who spelte denne songen på eit radioshow kalla «The Swingers» i 1967. I januar 1988 spelte Yōko Oginome denne songen for singelen hennar «Stranger Tonight». I 1997 spelte Arjen Anthony Lucassen denne songen for albumet Strange Hobby. I 1998 spelte det brasilianske bandet Graforreia Xilarmônica denne songen for albumet deira Chapinhas de Ouro på portugisisk med tittelen «Pensando nela». Countrymusikaren Sylvia spelte ein akustisk versjon i 2002 på albumet hennar Where In The World. I 2010 spelte den filippinske hiphopartisten Francis Magalona og rockeartisten Ely Buendia inn songen for albumet deira In Love and War. Bandet Dragon spelte inn songen på albumet deira, It's All Too Beautiful (2011).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bus Stop (song)» frå , den 21. mars 2018.

Kategori:Songar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:The Hollies-songar Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Songar om bussar Kategori:Songar skrivne av Graham Gouldman Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada Kategori:Nummer-ein-singlar i Sverige Kategori:Herman's Hermits-songar Kategori:Gene Pitney-songar Kategori:Classics IV-songar