Hollies' Greatest er eit samlealbum av The Hollies og det einaste albumet deira som gjekk til topps på albumlista i Storbritannia. Det kom ut etter at Graham Nash slutta i bandet og var meint å innehalde alle dei britiske hitsinglane med Nash. Berre tre av 14 songar på albumet – «Stay», «I Can't Let Go» og «Stop! Stop! Stop!» hadde tidlegare vore gjevne ut på britiske album.

Albumet låg sju veker på toppen av lista i 1968.Virgin Book of Hit AlbumsThe Complete Book of British Charts, Neil Warwick, Jon Kutner and Tony Brown Totalt låg det 27 veker på den britiske albumlista og er det mest suksessrike albumet til The Hollies.

Versjonen av «Yes I Will» som er på monoversjonen av albumet, er ikkje singelversjonen frå 1965, men ei tidlegare ikkje utgjeven innspeling frå 1964.

Innhald

Medverkande Allan Clarke – vokal, munnspel, gitar Tony Hicks – sologitar, vokal Graham Nash – rytmegitar, vokal Bobby Elliott – trommer Eric Haydock – bassgitar Bernie Calvert – bassgitar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hollies' Greatest» frå , den 22. mars 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:The Hollies-album Kategori:Samlealbum frå 1968 Kategori:Parlophone-album Kategori:Nummer-ein-album i Storbritannia