Romany er det 12. studioalbumet til The Hollies, og det første utan frontmannen og songaren Allan Clarke, som hadde slutta for å prøve seg på ein solokarriere. Han vart erstatta av den svenske songaren Mikael Rickfors, som skapte ei radikal endring i songstilen til bandet. Det var òg det første Hollies-albumet med berre ein song skriven av sologitaristen Tony Hicks, som hadde skrive mange songar som Clarke-Hicks-Nash og Clarke-Hicks-Sylvester. Rickfors var det einaste andre bandmedlemmet som skreiv originale songar for albumet.
Den amerikanske utgåva av albumet nådde 84. plassen på Billboard 200, men kom utan songane «Lizzy and the Rainman», og har ei litt anna rekkjefølgje på den første sida. «Courage of Your Convictions» var den songen som høyrdest ut som hitten «Long Cool Woman In a Black Dress», men vart ikkje gjeven ut på singel.
Plateomslaget av Romany har nøyaktig same landskap som det førre albumet, men denne gongen er det vinter og ikkje sommar.
Då albumet var på veg ut vart medlemmane i bandet nervøse. Circus Magazine, May 1973. - «Romany - The Hollies Hop Over Disaster» av Janis Schacht. Dei gjorde minst tre endringar på albumet og annonserte ein singel før dei trekte han attende og heldt albumet attende tre månader før det omsider kom ut.
Etter albumet kom ut selde det seks gonger så mange eksemplar den første veka etter det kom ut som noko anna Hollies-album hadde selt på eitt år. Det vart òg meir spelt på FM-radio enn bandet hadde blitt dei førre ni åra.
Innhald Britisk versjon
Amerikansk versjon Side ein «Magic Woman Touch» (Colin Jennings, Garth Watt-Roy) «Touch» (Mikael Rickfors) «Words Don't Come Easy» (Colin Jennings) «Won't We Feel Good» (M. Leslie, B. Day) «Down River» (David Ackles)
Side to «Slow Down» (M. Leslie, B. Day) «Delaware Taggett and the Outlaw Boys» (Colin Jennings) «Jesus Was a Crossmaker» (Judee Sill) «Romany» (Colin Jennings) «Blue in the Morning» (Kenny Lynch, Tony Hicks) «Courage of Your Convictions» (Alan Rush, Randy Cullers)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Romany (album)» frå , den 22. mars 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Hollies-album Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Polydor Records-album Kategori:Epic Records-album Kategori:Plateomslag av Hipgnosis Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios