Kitsch er masseproduserte gjenstander som liknar på kunst, men som har liten verdi og kunstnarisk kvalitet. Kitsch-omgrepet oppstod i Tyskland på 1800-talet og vart opphavleg brukt om billige etterlikningar av kjende kunstverk, til dømes reproduksjoner av berømte måleri, også i andre materialer enn dei opphavlege. Omgrepet viser i dag til all slags klisjéprega, uoriginal og populær «liksom-kunst», ikkje minst glorete og sentimentale suvenirer og pyntegjenstandar.
Etymologi Ordet «kitsch» er opphavleg tysk, men har usikkert opphav. De kan vera avleidd frå det engelske sketch, det vil seia «skisse» eller «utkast», frå det tyske verkitschen som tyder «å selja billeg» eller frå det tyske dialektordet kitschen som betyr å 'smørja', 'fuska' eller 'skrapa saman i haugar'.
mini|Masseproduserte kunstetterlikningar, som denne hagenissen, vert ofte kalla «kitsch». mini|Denne trehjula motorsykkelen forma som ein raud, blank, høghela damesko, utnyttar ein erotisk klisjé frå populærkulturen og kan oppfattast som «kitsch». Foto frå Seattle i USA 2004. Sjå òg
Kunst Plagiat Suvenir
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kitsch» frå , den 25. mars 2018.
Bakgrunnsstoff
Avant-Garde and Kitsch – Essay av Clement Greenberg Kitsch and the Modern Predicament – Essay av Roger Scruton Kitsch Wiki
Kategori:Kunst Kategori:Pynt Kategori:Tyske ord og uttrykk