Amfi Moa er eit kjøpesenter i Ålesund som tilhøyrer Olav Thon Gruppen. Med ein omsetnad på 2,84 milliardar kroner i 2017 er Amfi Moa landet sitt tredje største målt i omsetnad.
Kjøpesenteret husar omlag 170 butikkar. Senteret er fordelt på tre bygningsmassar kalla Nord, Sør og Øst med eit samla areal på 107 750 kvadratmeter. Ei pågåande utbygging med ein prislapp på 600 millionar kroner vil hausten 2018 resultera i at Amfi Moa vert det største kjøpesenteret i landet målt i areal.
Området kjøpesenteret ligg på er eit tidlegare landbruksområde, der mellom anna Moa gard låg. Området vart i 1970 omregulert til næringsføremål, og det første varehuset i området opna i 1972. Dagens Amfi Moa kjem frå Moa Butikksenter (opna 1983), Moa Sør (opna 1991) og Moagård (opna 1995, kjøpt opp av Amfi Eiendom i 1999). Første samanslåing skjedde i 2000 då Moa Butikksenter og Moa Sør vart bygd saman med gangbru, og tok namnet Stormoa. Amfi Eiendom kjøpte det meste av Stormoa i 2003 som dermed bana veg for samanslåing med Amfi Moagård. Kjøpesentera fekk etter dette namnet Amfi Moa.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Amfi Moa» frå , den 29. mars 2018.
Kategori:Byggverk i Ålesund Kategori:Kjøpesenter i Noreg