Christopher Walenty Dreja ()http://search.findmypast.co.uk/results/world-records/england-and-wales-births-1837-2006?firstname=christopher%20&lastname=dreja er ein engelsk musikar, mest kjend som rytmegitarist og bassist for The Yardbirds.
Karriere Faren var av polsk opphav, medan Dreja var fødd i Surbiton, og voks opp i Kingston upon Thames i Surrey. Han og broren Stefan Dreja møtte tilfeldigvis Top Topham. Tophan og Dreja var inspirert av vise- og bluesgitaristen Gerry Lochran som byta frå akustisk til elektrisk gitar. Dei debuterte med dei elektriske gitarane sine på ein konsert med Duster Bennett og ein ung Jimmy Page.
Dreja og Topham vart medlemmar i Metropolitan (eller Metropolis) Blues Quartet. I løpet av eitt år hadde Keith Relf, Jim McCarty og Paul Samwell-Smith kome med i bandet, som skifta namn til The Yardbirds. Den då 15 år gamle Topham slutta i gruppa då dei vart profesjonelle, men Dreja fortsette å spele rytmegitar med musikarar som Eric Clapton og sidan Jeff Beck.
Dreja byta frå rytmegitar til bassgitar då den opphavlege bassisten, Paul Samwell-Smith, slutta. Dreja var medlåtskrivar på fleire av Yardbirds-songane, særleg dei på albumet Roger the Engineer.
Etter at Yardbirds vart oppløyst, tilbaud Page Dreja om å bli bassist i det nye bandet han skulle starte (som vart Led Zeppelin). Dreja avslo tilbodet for å bli fotograf. Han fotograferte Led Zeppelin for baksida av debutalbumet deira.
Dreja spelte i bandet Box of Frogs i lag med andre Yardbirds-medlemmar i 1980-åra.
I 2012 og 2013 fekk Dreja ei rekkje slag og har ikkje spelt musikk sidan då.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Chris Dreja» frå , den 31. mars 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Engelske rockebassistar Kategori:Engelske rockegitaristar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:The Yardbirds-medlemmar Kategori:Rytmegitaristar Kategori:Britiske rhythm and blues boom-musikarar Kategori:Bluesrock-musikarar Kategori:Rock and Roll Hall of Fame Kategori:Led Zeppelin