mini|Frå venstre til høgre: Tom McGuinness, Dave Berry, Klaus Voormann, Mike Hugg, Manfred Mann, Mike d'Abo (Nederland, 1967) Thomas John Patrick «Tom» McGuinness () er ein britisk gitarist, låtskrivar, forfattar, musikk- og TV-produsent. Han er mest kjend som gitarist i Manfred Mann og The Blues Band. I 1986 skreiv han boka So You Want To Be a Rock and Roll Star.

Karriere Etter ein kort periode i det kortvarige bandet Roosters med Eric Clapton, vart McGuiness med i 60-talsgruppa Manfred Mann som bassist, og spelte i ei besetning med Paul Jones. Då bandet ønskte å meir R&B enn jazz, tok han over rolla som bassist frå Dave Richmond og var medlåtskrivar på fleire av dei tidlege songane til gruppa.

Då Mike Vickers og så Paul Jones slutta i bandet, tok McGuinness over rolla som gitarist og Jack Bruce spelte bass fram til han vart erstatta av Klaus Voormann. McGuinness sin National Steel-gitar vart ein viktig del av stilen til bandet og vart spelt på hittar som «Pretty Flamingo». Han komponerte eit par songar for gruppa, som «L.S.D» og «One Way», og Mighty Garvey! sin surrealistiske «Cubist Town».

Etter Manfred Mann vart oppløyst i 1969 skipa han McGuinness Flint med Hughie Flint. Dette vart oppløyst i 1975. Seinare vart han med Paul Jones og Gary Fletcher i The Blues Band og var framleis aktiv i dette bandet i 2016. McGuinness har òg spelt med The Manfreds, ein avleggjar av Manfred Mann som oppstod i 1990-åra, utan Mann.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tom McGuinness» frå , den 2. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Engelske rockegitaristar Kategori:Engelske rockebassistar Kategori:Engelske plateprodusentar Kategori:Engelske fjernsynsprodusentar Kategori:Musikarar frå London Kategori:Manfred Mann-medlemmar Kategori:Britiske rhythm and blues boom-musikarar Kategori:Britiske bluesmusikarar