Einar Kringlen () er ein norsk professor i psykiatri. Han er fødd i Høyanger og busett i Oslo. Han vart cand. med. i 1958 og dr. med i 1967. Kringlen var professor i klinisk psykologi ved Universitetet i Bergen 1969-1971 og professor i medisinsk åtferdsfag 1967-1983. I tida 1984-2001 var han professor i psykiatri ved Universitetet i Oslo og administrativ overlege ved Psykiatrisk klinikk, Vindern i Oslo.
Kringlen har utført omfattande tvillingstudiar og epidemiologiske undersøkingar av utbreiinga av psykiske lidingar i befolkninga. Han har mellom anna blitt kjend for utspelet om at krisepsykologi ikkje hjelp og at krisepsykologar sjeldan klarar å hjelpe mennesker ved hjelp av rutinemessige debrifingar.«Krisepsykologi hjelper ikke» , artikkel frå nettstaden forskning.no
Han har vore aktiv i debattane om samfunns- og helseforhold i Norge og om Midtausten-konflikten. Kringlen var den første leiaren i Norske leger mot atomvåpen i 1981.
Kringlen er ein internasjonal kjend forskar.
Han er riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden (1998).
Bibliografi Bøker
Referanser
Bakgrunnsstoff Einar Kringlen - Norsk biografisk leksikon Einar Kringlen - Allkunne - levande leksikon
Kategori:Norske psykiatarar Kategori:Norske medisinprofessorar Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Folk frå Høyanger Kategori:Forfattarar frå Høyanger