Hovudseriefinalen i fotball 1949 vart avvikla med heimekamp og bortekamp for dei to avdelingsvinnarane i Hovudserien 1948/49, Fredrikstad Fotballklubb og Vålerengens Idrettsforening frå Oslo. Fredrikstad FK vart hovudseriemeister etter å ha vunne 3-1 på bortebane og 3-0 på heimebane, samanlagt 6-1.
Den fyrste finalekampen fann stad måndag 6. juni 1949 på Bislett stadion framfor 20 000 tilskodarar. Dei fekk sjå FFK-spelarane Thorleif Larsen og Leif Pedersen skåre kvar sitt mål i den fyrste omgangen. VIF reduserte etter pause ved Gunnar Pedersen, før Henry Johannessen i det 83. minutt fastsette sluttresultatet til 3-1 i FFK.
Returoppgjeret på eit fullsett Fredrikstad stadion sundag 12. juni enda med 3-0 til heimelaget etter målkjenningar i det 54. minutt ved Willy Olsen og i 65. og 89. minutt ved Knut Brynildsen.
Fredrikstad sitt vinnarlag bestod av Hans Hansen i mål, Bjørn Spydevold, Erik Holmberg, Per Spydevold i forsvar, Gunnar Andreassen og Odd Andresen på midten, med Thorleif Larsen, Leif Pedersen, Knut Brynildsen, Henry Johannessen og Willy Olsen i løparrekka.
Vålerengen mønstra Arild Andresen, Rolf Svendsen, Ragnar Andresen, Thorleif Olsen, Ragnar Berge, Einar Winther, Trygve Arnesen, Roger Perets, Leif Olsen, Leif Fjeldhammer og Gunnar Pedersen.
Kjelder Arbeiderbladet 7.6.1949 Arbeiderbladet 13.6.1949
Kategori:Fotball i Noreg i 1949