Hammarmyrene er eit stort våtmarksområde i Irak og ein del av Tigris-Eufrat-systemet i Dei mesopotamiske sumpene. Desse omfattar òg Hawizeh og Qurnamyrene. Hammarmyrene dekte tidlegare eit område på 2 800 km² med permanent våtmark og til somme tider av året dekte dei 4 500 km². I 1990-åra vart dei derimot nesten heilt øydelagde av dreneringsprojekt, men har i nyare tid vorte til dels gjenoppretta. Dei er ein del av verdsarvstaden Ahwar i Sør-Irak.

Hammarmyrene strekte seg mellom Nasiriyah og Basra og låg sør for elva Eufrat, som var hovudvasskjelda. Midt i området låg den store Haur al-Hammar, den største innsjøen i den nedre delen av Eufrat.The Physical Characteristics of the Mesopotamian Marshlands, edenagain.org I tillegg kom vatn frå Tigris inn i systemet via Qurnamyrene.

Drenering

Seint i 1970-åra vart det rapportert at delar av myrområda vart drenerte. Delar av Haur Aluwez hadde blitt avstengd av dike og drenert for at ein kunne leite etter olje.Scott, D. A Directory of Wetlands in the Middle East, earthscape.org Deretter vart nordlege og vestlege delar av Haur al-Hammar drenert for å utvikle Vest-Qurnah-feltet. Under den iransk-irakiske krigen vart den sørlege delen av Haur al-Hammar knytt til Al-Basrah-kanalen og så til Persiabukta, noko som auka saltnivået i våtmarksområdet.

Den største skaden skjedde tidleg i 1990-åra, då styresmaktene under Saddam Hussein gjorde fleire øydeleggjande dreneringsprosjekt, dels som hemn for 1991-opprøra. Rapportar indikerte at straumen frå Eufrat vart leia inn i Den tredje eva, ein stor dreneringskanal.Haur al-Hammar , birdlife.org Innan 2002 var Hammarmyrene og Haur al-Hammar heilt borte.

Delvis reetablering

Etter den amerikanske invasjonen av Irak i 2003, vart jordvollar og dreneringsverk øydelagde og myrområdet vart igjen fylt med vatn. I åra etter har vegetasjonen teke seg kraftig opp att i vestlege delar av Hammarmyrene, og dei austlege delane er fylt med vatn.Iraq Marshlands Restoration Program, iraqmarshes.org Reetableringa av våtmarksområdet har skjedd langt raskare enn venta, men det er framleis langsiktig fare for naturen i området på grunn av forureining og uthenting av vatn frå Eufrat.

Plantar og dyr Dei viktigaste plantane i myrene er hornblad, kranstusenblad, takrøyr, siv (Schoenoplectus), busttjørnaks, blanktjønnaks og Typha domingensis.

Fugleteljingar mellom 2003 og 2005 fann at dei vanlegaste artane i Hammarmyrene var silkehegre, hettemåse, smalnebbmåse, fiskemåse og dvergterne. Andre fuglar å merka seg er sivhauk, purpurhegre, gråhegre, storskarv, kuhegre, stylteløpar, dvergdukkar, terneisfugl, kastanjeisfugl, tiaraisfugl, linerle, isabellavarslar, blåstrupe, sumerskriketrast, kvitøyrebylbyl, alveprinia, gransongar og gråsporv.

Pattedyrorienterte undersøkingar utførte mellom 2009 og 2012 fann spor etter jungelkatt, oter, ulv, raudrev, gullsjakal, stripehyene, honninggrevling, mungo, villsvin, piggvinet Hemiechinus auritus, Kuhls flaggermus, kapphare, gnagaren Scarturus euphraticus, brunrotte, asiatisk husspissmus, pygmespissmus og husmus.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hammar Marshes» frå , den 22. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Hawr al-Hammar Gallery, edenagain.org

Kategori:Myrområde i Irak Kategori:Eufrat Kategori:Miljøproblem i Irak Kategori:Tigris Kategori:Shatt al-Arab