Qandilfjella (kurdisk چیای قەندیل, Çiyayên Qendîl) er eit fjellområde i Irakisk Kurdistan nær grensa til Iran. Regionen høyrer til under Zagrosfjella og er vanskeleg å nå med særs kupert terreng. Dei høgaste toppane er på over 3 000 meter over havet.

Området er kjent som ein tilfluktsstad og hovudkvarter for det kurdiske, venstreorienterte Kurdistans arbeiderparti (PKK). Kring 5 000 PKK- og andre væpna geriljafraksjonar kontrollerer området på kring 50 km², som sporadisk har blitt bomba av det tyrkiske luftforsvaret og iransk artilleri i fleire år. Partiet for fritt liv i Kurdistan (PJAK) held òg til i Qandil i lag med PKK, og frå her kan dei infiltrere Iran.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Qandil Mountains» frå , den 23. april 2018.

Kategori:Zagrosfjella Kategori:Fjellkjeder i Irak Kategori:Arbil guvernement Kategori:Geografi i Irakisk Kurdistan Kategori:Fjell i Kurdistan