mini|Fartøy frå Typhoon-klassa

Typhoon-klassa eller «Prosjekt 941 Akula» (akula tyder 'hai') er ei fartøyklasse av ballistiske missilubåtar, utforma og bygde av Sovjetunionen for den sovjetiske marinen. Dei er dei største ubåtane som nokon gong er bygd.Fartøya hadde eit deplasement på 48 000 tonn, og kunne husa eit mannskap på 160 mann nedsenka i fleire månader.

Den russiske marinen overtok fartøya etter oppløysinga av Sovjetunionen. Etter å ha vurdert ei modernisering, melde marinen at dette var kansellert i mars 2012, og at å modernisera éin Typhoon ville vera like dyrt som å byggja to nye Borej-ubåtar. I september 2012 var berre ein Typhoon att i teneste, «Dmitrij Donskoj», væpna med missilet RSM-56 Bulava. Ifølgje ei kjelde var dette fartøyet framleis i teneste til juli 2022, då det var rapportert som teke ut av teneste. Andre kjelder hevda at det framleis var i teneste, og at ein fyrst ville ta ein avgjerd om lagnaden til det mot slutten av 2022.

Andre fartøyklasser med namnet «Akula» Fartøyklassa er kalla Akula-klassa på russisk, noko som kan føra til samanblanding med Akula-klassa angrepsubåtar. Det same gjeld Ondatra-klasse landgangsfartøy, som òg vert kalla «Akula» på russisk.Энергетические блоки атомного подводного флота, proatom.ru«Проект 941 „Акула“», deepstorm.ru«ПЛАРБ — Проект 941 „Акула“», submarine.id.ru

Sjå òg Atomubåtar i teneste Ubåtklassar i teneste

Referansar

Litteratur

Stephen Saunders RN, red. (2004). (107 utg.). Jane’s Information Group Limited.

Denne artikkelen bygger på «Typhoon-class submarine» frå , den 3. august 2022.

Kategori:Russiske ubåtar Kategori:Ubåtklassar Kategori:Ubåtar med atomreaktor