«A Rock 'n' Roll Fantasy» er ein song av The Kinks frå albumet Misfits frå 1978. Songen vart skriven av Ray Davies og var inspirert av den urolege tida til bandet på den tida, der to av medlemmane slutta under innspelinga av albumet. Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet og vart den mest sukessrike singelen til bandet på fleire år.

Bakgrunn Under innspelinga av Misfits slutta bassisten Andy Pyle og pianisten John Gosling i bandet, medan trommisen Mick Avory vurderte å slutte. Etter denne endringa heldt Ray og Dave Davies mykje saman og Ray skreiv «A Rock 'n' Roll Fantasy» medan Dave skreiv «Trust Your Heart.»

Tekst

Teksten på «A Rock 'n' Roll Fantasy» skildrar ein mann, Dan, som er stor fan av The Kinks. Han høyrer på musikken deira når han er nedfor og «lever ein rock and roll-fantasi». Songen nemner òg korleis Ray Davies og broren Dave vurderte å leggje ned The Kinks. Dette kan ein høyre i tekstlinja «break up the band, start a new life be a new man.»

Utgjeving og mottaking Songen vart den første frå Misfits som kom ut på singel. B-sida var «Artificial Light» i Storbritannia og «Live Life» i USA. Singelen nådde 30. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100, den høgaste plasseringa til bandet sida «Lola» i 1970. Songen nådde òg 30. plassen i Canada.

Songen har sidan kome med på samlealbumet Come Dancing with The Kinks.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «A Rock 'n' Roll Fantasy» frå , den 27. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1978 Kategori:The Kinks-songar Kategori:Songar skrivne av Ray Davies Kategori:Arista Records-singlar Kategori:Singlar frå 1978