«How Do I Get Close» er ein song av den engelske rockegruppa The Kinks på albumet UK Jive frå 1989. Songen er skriven av Ray Davies.
Utgjeving
«How Do I Get Close» kom først ut på albumet UK Jive. «How Do I Get Close» vart gjeven ut som den andre britiske singelen frå albumet, trass i at både den første singelen og albumet hadde selt dårleg. B-sida var «Down All the Days (Till 1992)», som òg hadde blitt gjeve ut som den første singelen frå albumet. I USA vart singelen gjeven ut md B-sida «War is Over», og nådde 21. plassen på Mainstream Rock Tracks-lista, den høgaste plasseringa på denne lista for bandet sidan «Working at the Factory» i 1986.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «How Do I Get Close» frå , den 28. april 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Kinks-songar Kategori:Singlar frå 1990 Kategori:Songar skrivne av Ray Davies Kategori:Songar produserte av Ray Davies Kategori:Songar frå 1989 Kategori:MCA Records-singlar