Denis Archibald West Payton () var ein engelsk musikar som spelte tenorsaksofon, barytonsaksofon, gitar og munnspel i The Dave Clark Five.

Biografi Som tenåring spelte Payton i eit jazzband med han studerte for å bli elektrikar. Gjennom bandet sitt vart han kjend med andre band og vart ofte invitert til å spele med desse banda, og han flytta frå eit band til det neste. Slik vart han kjend med Dave Clark, leiaren for Dave Clark Five with Stan Saxon. Då Saxon, som spelte saksofon og stundom song, slutta i 1962 i lag med den andre saksofonisten Jim Spencer, vart gruppa kalla Dave Clark Five og Denis Payton tok over som saksofonist i bandet.

I dei tidlege åra spelte gruppa til Dave Clark mykje instrumentalmusikk. Gradvis endra gruppa repertoaret sitt frå jazz og dansemusikk til pop. Bandet fekk fleire hitsinglar som Payton spelte på. Payton var òg medlåtskrivar i lag med Dave Clark på mange av songane til bandet. Gruppa vart oppløyst i 1970 og Payton vart eigedomsmeklar i Bournemouth, men fortsette å spele på fritida.

Payton døydde i desember 2006, 63 år gammal, etter å ha hatt kreft nokre år.

The Dave Clark Five vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame den 10. mars 2008.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Denis Payton» frå , den 29. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Engelske rockesaksofonistar Kategori:Folk frå Walthamstow Kategori:Rock and Roll Hall of Fame Kategori:The Dave Clark Five-medlemmar Kategori:Musikarar frå London