«Louie, Go Home» er ein song skriven av Paul Revere og Mark Lindsay som ein oppfølgjar til «Louie Louie» av Richard Berry. Han vart spelt inn av Paul Revere and the Raiders i 1963 og gjeven ut i mars 1964.
Det vart gjeve ut to versjonar av «Louie, Go Home». Originalen med saksofonopning vart berre gjeve ut på singel.Released on CD in 1990 (2 CD compilation «The Legend Of Paul Revere», Columbia C2K 45311). Ei nyinnspeling med gitaropning vart gjeven ut på albumet Midnight Ride i 1966.
Andre versjonar Davie Jones with the King Bees-versjonen
I 1964 spelte ein ung David Bowie, då framleis under namnet David Jones, inn songen med bandet sitt Davie Jones and the King Bees. Han kalla songen «Louie, Louie Go Home» og gav han ut som B-side på debutsingelen sin, «Liza Jane».
Bowie sin versjon av songen kom òg ut på samlealbuma Another Face (1981) og Early On (1964-1966) (1991). Bowie lånte kall- og svar-refreenget 'Just a little bit louder now' for songen «She'll Drive the Big Car» i 2003.
Andre artitar The Who spelte inn songen som «Lubie (Come Back Home)» i 1965. Han vart først gjeven ut i 1985 på samlealbumet Who's Missing.
Ein fransk versjon kom ut i 1964 som «Louie reviens chez toi» av den belgiske gruppa Ariane et Les 10/20.
Andre versjonar er spelt inn av A-Bones (1993), Chambermen (1966), Chesterfield Kings med Mark Lindsay (1998), Jack Ely and the Courtmen (1966), Fireballs (1966), Fugitives (1966), Hypstrz (1981), Images (Italia, 1970), Missing Lynx (1967), Mussies (1966), Shades of Grey (1966), Time Beings (1996), Transatlantics (UK, 1966), Vandells (1967) og Danny Zella and the Zell Rocks (1996).
Svarsongar til denne er mellom andre «Louie Come Home» av The Epics i 1965 og «Louie Louie's Comin' Back» av The Pantels i 1966.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Louie, Louie Go Home» frå , den 2. mai 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Paul Revere & the Raiders-songar Kategori:The Who-songar Kategori:David Bowie-songar Kategori:Svarsongar Kategori:Columbia Records-singlar