mini|Teikning som viser staden på ein hovudskalle ein borer gjennem når ein utfører ein pre-frontal lobotomi (slik som den utvikla av Freeman og Watts).

Lobotomi, òg kalla frontal lobotomi eller leukotomi, er eit kirurgisk inngrep som går ut på å skjera over den kvite substansen i pannelappane i hjernen slik at ein bryt samband mellom hjernebarken og hypothalamus og thalamus.

Operasjonen er ei form for psykokirurgi som blei brukt i samband med psykiske lidingar, tvangsnevrosar og uuthaldelege smerter. Metoden var mykje brukt på 1940- og 1950-talet, men hadde særs negative effektar for personlegdom og kjensleliv, og blei etterkvart fasa ut til fordel for andre behandlingar. I dag blir det nokre stader laga avgrensa lesjonar i visse hjerneområde i nokre få tilhøve om behandling med medikament ikkje fører fram.

Historie

Lobotomi (av gresk λοβός, lobos, 'lapp' og τομή, tomē, 'skjera') blei utvikla av den portugisiske nevrologen Egaz Moniz. I 1949 fekk han Nobelprisen i medisin for behandlingsmetoden.

Norden

Det var overlegen ved Gaustad sjukehus som fyrst innførte lobotomi i Norden, i november 1941. På denne tida var ikkje nevroleptika i vanleg bruk, og mange psykiatarar meinte at inngrepet hadde positive verknadar. Ein del av dei tok likevel avstand frå inngrepet.

«Den skandinaviske psykiatrikongressen i København i 1946 åpenbarte hvilken ansvarsløshet og uhyggelige sjansespill lobotomi var. Der ble det redegjort for følelsesmessig avstumpning, tap av evne til å drømme, sette seg fjerne mål, fantasere, planlegge,» skreiv psykolog Joar Tranøy og styreleiaren i Informasjonssenteret Hieronimus, Arve Kirkevik i 2018."Historieløst om lobotomi". 2018-05-09. Aftenposten. S. 20

Kjelder

Kategori:Medisinske kontroversar Kategori:Kirurgiske inngrep Kategori:Psykokirurgi