McCartney er det første soloalbumet til den engelske rockeartisten Paul McCartney. Det vart gjeve ut på Apple Records i april 1970 etter McCartney hadde motstått forsøk frå bandkollegaene sine i The Beatles om å utsette utgjevinga til etter dei tidlegare planlagde utgjevingane på Apple, mellom anna The Beatles sitt Let It Be. McCartney spelte inn albumet sitt i ei tid med depresjon og forvirring etter at John Lennon i september 1969 fortalte bandet at han ville slutte i Beatles, og konflikten internt i bandet vart verre då McCartney gav ut dette albumet. Ei pressemelding i form av eit sjølv-intervju, i lag med eksemplar av McCartney, førte til kunngjeringa om at The Beatles var oppløyst den 10. april 1970.
McCartney spelte inn albumet i løyndom, og brukte enkelt heimeopptaksutstyr i huset sitt i St John's Wood. Miksing og nokre seinare innspelingar fann stad i profesjonelle studio i London, som McCartney leigde under eit alias for å halde seg anonym. Utanom enkelte bidrag frå kona si, Linda, spelte han inn heile albumet på eiga hand, og spelte alle instrumenta sjølv. Med laust arrangerte songar i staden for ein polert produksjon, var McCartney eit døme på å gå attende til det enkle, på liknande måte som Let It Be-innspelinga hadde vore i 1969.
Då albumet kom ut fekk det negative meldingar frå dei fleste kritikarane, delvis fordi albumet førte til at Beatles offisielt vart oppløyst. Mange skribentar kritiserte at McCartney hadde teke med halvferdige songar og instrumentale stykke, sjølv om kjærleikssongen «Maybe I'm Amazed» vart utpeikt som ein bra song. Publisiteten som albumet fekk i samband med oppløysinga til The Beatles gjorde at det selde godt, og det låg tre veker på toppen av den amerikanske Billboard-lista og nådde andreplassen i Storbritannia. I juni 2011 vart albumet gjeve ut på ny som ein del av Paul McCartney Archive Collection.
Innhald
2011-utgåva I juni 2011 kom McCartney ut i fleire utgåver: Standardutgåve 1-CD; det originale albumet Spesialutgåve 2-CD; det originale albumet på ei plate, pluss sju bonusspor på den andre plata Luksusutgåve 2-CD/1-DVD; i tillegg til innhaldet frå spesialutgåva kom ei bok med 128 side med bilete som ikkje var publisert før og ny tekst Nymstra vinyl 2-LP med innhaldet frå spesialutgåva
Plate 2 – bonusspor Ingen av spora var gjevne ut før.
Plate 3 – DVD «The Album Story» «The Beach» «Maybe I'm Amazed» (Music video) «Suicide» (From One Hand Clapping, 1974) «Every Night» (Live at the Concert for the People of Kampuchea, 1979) «Hot as Sun» (Live at the Concert for the People of Kampuchea, 1979) «Junk» (MTV Unplugged, 1991) «That Would Be Something» (MTV Unplugged, 1991)
Medverkande Paul McCartney – vokal, akustisk and elektrisk gitar, bass, trommer, piano, orgel, perkusjon, Mellotron, xylofon Linda McCartney – harmonivokal
Salslister
Vekeslister
Liste (1970–71)PlasseringAustralia - Kent Music Report3Kanadiske RPM-lista1Den nederlandske albumlista3Den franske SNEP-lista4Den italienske albumlista3Den japanske Oricon-lista 13Norske VG-lista2Den spanske albumlista 4Svenske Kvällstoppen2UK Albums Chart2US Billboard Top LPs1Den vesttyske Media Control-lista15
Liste (2011)PlasseringDen nederlandske albumlista85Den franske albumlista91Den japanske albumlista27Den spanske albumlista74UK Albums ChartChart Log UK - New Entries Update 25.06.2011 (week 24)88US Top Pop Catalog Albums7
Årslister Liste (1970)PlasseringDen australske albumlista17Den franske albumlista11UK Albums Chart10US Billboard Year-End25
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «McCartney (album)» frå , den 17. mai 2018.
Bakgrunnsstoff Zach Baron, «Paul McCartney After the Beatles», GQ, 23. september 2015 McCartney sitt intervju i april 1970 i Beatles Interviews Database
Kategori:Debutalbum frå 1970 Kategori:Paul McCartney-album Kategori:Apple Records-album Kategori:Musikkalbum produserte av Paul McCartney Kategori:Album spelte inn i heimestudio Kategori:Album spelte inn i Morgan Sound Studios Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios Kategori:Capitol Records-album Kategori:Columbia Records-album Kategori:EMI Records-album Kategori:Hear Music-album Kategori:Nummer-ein-album i USA Kategori:Nummer-ein-album i Canada