Pilandok (Tragulus nigricans) er ein liten, nattaktiv drøvtyggjar i familien dvergmoskusdyr som berre finst på Balabac-øya og mindre øyar i nærleiken (Bugsuc og Ramos) sørvest for Palawan på Filippinane.

Pilandok var tidlegare rekna som ein underart av T. napu, men blei fråskild frå denne art på grunn av skilnader i utforminga av skallen.Meijaard, I., and C. P. Groves (2004). A taxonomic revision of the Tragulus mouse-deer. Zoological Journal of the Linnean Society 140: 63-102.

Skildring Pilandokar er gjennomsnittleg 40–50 cm lange frå hovud til halefestet og har ei skulderhøgd på 18 cm. Dei har ein svart og brun pels med kvite striper på strupa og brystet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Philippine mouse-deer» frå , den 19. mai 2018.

Kategori:Dvergmoskusdyr Kategori:Dyr på Filippinane Kategori:Palawan