Joe English () er ein USA-amerikansk musikar, vokalist og låtskrivar, som i 1970-åra spelte trommer i Paul McCartney sitt Wings og i den progressive jazzgruppa Sea Level.
English svarte på ei annonse for prøvespeling i eit band tidleg i 1975. Det viste seg å vere Wings og han fekk jobben og spelte første gongen på albumet Venus and Mars. I september 1977 lengta han heim til Macon i Georgia, og slutta i bandet. Heime i Macon byrja han å spele med Chuck Leavell i bandet Sea Level.
Etter å ha sett lyset som kristen skipa han Joe English Band, der han var songar og trommis. Dei turnerte verda over og spelte med andre kjende kristne band, som Petra, DeGarmo & Key, Mylon LeFevre og Servant. I 1990-åra fekk han problem med ankelen og slutta i musikkindustrien.
Diskografi
Med Paul McCartney & Wings
Venus and Mars (1975) Wings at the Speed of Sound (1976) Wings over America (1976) London Town (1978)
Med Kingfish Trident (1978)
Med Sea Level On the Edge (1978, Capricorn) Long Walk on a Short Pier (1979, Capricorn) Ball Room (1980), Arista) Best of Sea Level (1997, Capricorn)
Med Joe English Band
Lights in the World (1980) Held Accountable (1982) Press On (1983) Live (1984) What You Need (1985) The Best Is Yet to Come (1985) Back to Basics: English 101 (1988) Lights in the World / Held Accountable (1991)
Compassion All Star Band
One by One (1988)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Joe English» frå , den 20. mai 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:USA-amerikanske rocketrommeslagarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:Folk frå Rochester i New York Kategori:Wings-medlemmar