Flowers in the Dirt er det åttande studioalbumet til Paul McCartney. Albumet kom ut 5. juni 1989 på Parlophone, i det han la ut på den første verdsturneen sin sidan Wings Over the World-turneen i 1975–76. Albumet vart rekna for å ta McCartney attende til toppen og han fekk nokre av dei beste meldingane han hadde fått på mange år. Albumet gjekk til topps i Storbritannia og Noreg og inneheld fleire hitsinglar (den første var «My Brave Face»).
Albumet kom ut i utvida form i mars 2017 med orignale demoar av McCartney og Elvis Costello.
Bakgrunn og innspeling Etter dårlege salstal for Press to Play, forstod McCartney at han måtte arbeidde langt hardare for oppfølgjaren. Med hjelp av ei rekkje produsentar brukte han 18 månader på å fullføre Flowers in the Dirt. Mellom anna samarbeidde McCartney med Elvis Costello, og dei skreiv fleire nye songar i lag. Costello var med på albumet, og var songar på «You Want Her Too» i lag med McCartney. Ein annan kjend musikar på albumet var venen David Gilmour frå Pink Floyd, som spelte gitar på «We Got Married».
Utgjeving Albumet var klart for utgjeving tidleg i 1989. I mai vart «My Brave Face» gjeven ut på singel og vart ein hit i USA, der han nådde 25. plassen, medan han nådde 18. plassen i Storbritannia. I juni kom Flowers in the Dirt ut og gjekk rett til topps i Storbritannia, med mange positive meldingar. I USA var reaksjonen betre enn for Press to Play, men her nådd det berre 21. plassen. Det låg inne eitt år på albumlista og selde til gullplate. Det var likevel mindre enn venta. Den andre singelen, «This One», nådde òg andreplassen i Storbritannia. Dei neste singlane, «Figure of Eight»/«Où est le Soleil?» og «Put It There» vart alle mindre britiske hittar.
Plateomslaget vart fotografert av Linda McCartney.
Nyutgjevingar Ein nymastra versjon av plata kom i 1993 som ein del av serien The Paul McCartney Collection med fleire bonusspor.
24. mars 2017 kom albumet ut på ny på Capitol Music Group i serien Paul McCartney Archive Collection.https://www.paulmccartney.com/news-blogs/news/paul-announces-reissue-of-flowers-in-the-dirt Det kom då i fleire format med ei dobbel spesialutgåve, der den andre plata inneheldt demoane som McCartney og Costello spelte inn, ei dobbel LP-utgåve, og ei luksusutgåve med to CD-plater og ein DVD.
Innhald
Andre por
Spesialutgåve (Japansk turnéutgåve frå 1990) «Message» – 0:28 ei miljømelding frå Paul til den japanske fansen. «The Long and Winding Road» (Lennon–McCartney) – 3:51 B-side til «Figure of Eight»; nyinnspeling av The Beatles-songen «Loveliest Thing» – 3:59 B-side til «Figure of Eight» «Rough Ride» – 4:53 extended version; b-side til «Figure of Eight» «Où Est Le Soleil? (7" Mix)» – 4:50 single mix edit; b-side til «Figure of Eight» «Mama's Little Girl» – 3:41 B-side til «Put It There» single; eit unytta opptak frå innspelinga av Red Rose Speedway i 1972. «Same Time Next Year» – 3:06 B-side til «Put It There»; frå 1979. «Party, Party» (McCartney/Linda McCartney/Robbie McIntosh/Hamish Stuart/Chris Whitten/Paul «Wix» Wickens) – 5:35 bonussingel frå World Tour Pack-utgåva av albumet «P.S. Love Me Do» (McCartney–Lennon) – 3:40 Studioversjonen av to The Beatles-songar..
2017-utgåva Spesialutgåve 2-CD; den originale plata og ni bonusspor av demoinnspelingar av McCartney og Costello på den andre plata. Best Buy Special Edition 2-CD + 7"-singel; same som spesialutgåve med ei samlarutgåve av «My Brave Face» med «Flying to My Home» på ein farga 7". Luksusutgåve 3-CD/1-DVD; det originale albumet; 18 bonusspor over to plater; tre kassettdemoar og ei samling av originale B-sider, miksar og singelutgåver berre tilgjengeleg via nedlasting; eit 32 siders hefte med McCartney sine handskrivne tekstar og notat, ein katalog for ei fotoutstilling av Linda McCartney i 1989, eit 64-siders fotoalbum og ei 112 siders bok som fortel ominnspelinga av albumet med nye intervju av McCartney, Elvis Costello og andre bidragsytrarar. ein DVD med alle musikkvideoane frå albumet, tre nye kortfilmar og dokumentarfilmen Put It There som opphavleg kom på VHS i 1989. tilgang til nedlasting av alle songane og bonusspora. Nymastra vinyl 2-LP. Digital nedlasting Digitalt album tilgjengeleg som både standard og spesialutgåver. Eksklusiv kassett med tre spor i høve Record Store Day 2017 med demoar av «I Don’t Want To Confess», «Shallow Grave» og «Mistress And Maid» som på luksusutgåva
Plate 1 Det originale 13-sporsalbumet.
Plate 2 – Paul McCartney og Elvis Costello sine originale demoar Alle songar skrivne og framførte av Paul McCartney og Elvis Costello «The Lovers That Never Were» (Original Demo) «Tommy's Coming Home» (Original Demo) «Twenty Fine Fingers» (Original Demo) «So Like Candy» (Original Demo) «You Want Her Too» (Original Demo) «That Day Is Done» (Original Demo) «Don't Be Careless Love» (Original Demo) «My Brave Face» (Original Demo) «Playboy to a Man» (Original Demo) «The Lovers That Never Were» (Geoff Emerick Mix) løynd bonusspor, ikkje oppført i omslaget.
Plate 3 – Paul McCartney og Elvis Costello sine demoar frå 1988 Alle songar skrivne og framførte av Paul McCartney og Elvis Costello «The Lovers That Never Were» (1988 Demo) «Tommy's Coming Home» (1988 Demo) «Twenty Fine Fingers» (1988 Demo) «So Like Candy» (1988 Demo) «You Want Her Too» (1988 Demo) «That Day Is Done» (1988 Demo) «Don't Be Careless Love» (1988 Demo) «My Brave Face» (1988 Demo) «Playboy to a Man» (1988 Demo)
Plate 4 – DVD Musikkvideoar «My Brave Face» «My Brave Face» (Version 2) «This One» (Version 1) «This One» (Version 2) «Figure of Eight» «Party Party» «Où Est Le Soleil?» «Put It There» «Distractions» «We Got Married»
Creating Flowers in the Dirt Paul and Elvis Buds in the Studio The Making of ‘This One’ (The Dean Chamberlain One)
Put It There Put It There dokumentar
Berre frå digital nedlasting – originale B-sider, miksar og singelutgåver Alle songar av Paul McCartney, utanom der andre er nemnde «Back On My Feet» (McCartney, MacManus) «Flying To My Home» «The First Stone» (McCartney, Hamish Stuart) «Good Sign» «This One» (Club Lovejoys Mix) «Figure of Eight» (12" Bob Clearmountain Mix) «Loveliest Thing» «Où Est Le Soleil?» (12" Mix) «Où Est Le Soleil?» (Tub Dub Mix) «Où Est Le Soleil?» (7" Mix) «Où Est Le Soleil?» (Instrumental) «Party Party» (Original Mix) (P. McCartney, L. McCartney, Robbie McIntosh, Hamish Stuart, Chris Whitten, Paul «Wix» Wickens) «Party Party» (Club Mix) (P. McCartney, L. McCartney, Robbie McIntosh, Hamish Stuart, Chris Whitten, Paul «Wix» Wickens) «I Don't Want to Confess» «Shallow Grave» «Mistress and Maid» «Distractions» (Demo) «This One» (Demo) «Back On My Feet» (Demo)
Medverkande Paul McCartney – vokal (solo og kor), gitar (akustisk, bass, elektrisk, 12-strengs og meksikansk), piano, synth, trommer, tamburin, perkusjon, celesta, sitar, vinglas, harmonium, klapping, knipsing, mellotron, flygelhorn, bongotrommer, fiolin, klaverinstrument, sag Linda McCartney – minimoog, korvokal, klapping Robbie McIntosh – gitar (akustisk og elektrisk) Hamish Stuart – gitar (elektrisk, akustisk og bass), perkusjon, korvokal Chris Whitten – trommer, perkusjon, klapping, synthtrommer Paul «Wix» Wickens – klaverinstrument Elvis Costello – vokal (korvokal og solovokal), klaverinstrument David Gilmour – elektrisk gitar på «We Got Married» David Foster – klaverinstrument Dave Mattacks – trommer Guy Barker – trompet Steve Lipson – data & trommeprogrammering, gitar (elektrisk og bass), klaverinstrument Peter Henderson – dataprogrammering Trevor Horn – klaverinstrument, klapping Nicky Hopkins – piano Mitchell Froom – klaverinstrument David Rhodes – EBow-gitar Judd Lander – munnspel Chris Davis – saksofon Chris White – saksofon Dave Bishop – saksofon John Taylor – kornett Tony Goddard – kornett Ian Peters – eufonium Ian Harper – tenorhorn Jah Bunny – tongue styley Eddie Klien – dataprogrammering Clare Fischer – orkesterarrangement på «Distractions»
Prisar
Grammy Awards
| width="35" align="center"|1990 || Flowers in the Dirt || Beste lydteknikar, ikkje-klassisk album ||
Brit Awards
| width="35" align="center" |1990|| «My Brave Face» || Best musikkvideo ||
Salslister
Vekeslister Liste (1989/90)PlasseringAustralian ARIA Albums Chart18Den austerrikske albumlista18Kanadiske RPM-lista Library and Archives Canada.. Henta 5. mars 201216Dutch Mega Albums15Den franske SNEP-lista8Den tyske Media Control-lista9Den italienske albumlista3Den japanske Oricon-lista9Norske VG-lista1Den svenske albumlista2Den spanske albumlista 4Den sveitsiske albumlista13UK Albums Chart1USA Billboard 20021
Årslister Liste (1989)PlasseringDen austerrikske albumlista69Den kanadiske albumlista84Den nederlandske albumlista74Den franske albumlista49Den tyske albumlista18Den italienske albumlista19Den spanske albumlista6UK Albums Chart71
Salstrofé og salstal
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Flowers in the Dirt» frå , den 23. mai 2018.
Kategori:Paul McCartney-album Kategori:Musikkalbum frå 1989 Kategori:Parlophone-album Kategori:Album produserte av Trevor Horn Kategori:Musikkalbum produserte av Paul McCartney Kategori:Musikkalbum produserte av George Martin Kategori:Album produserte av Elvis Costello Kategori:Album produserte av Stephen Lipson Kategori:Album produserte av Mitchell Froom Kategori:Album spelte inn i heimestudio