NBC Symphony Orchestra var eit radio-orkester skipa av David Sarnoff, leiaren for Radio Corporation of America, i 1937 særskilde for den kjende dirigenten Arturo Toscanini. NBC Symphony kringkasta konsertar kvar veke og var husorkester for NBC Radio frå sin første konsert 13. november 1937 til det blei oppløyst i 1954. Etter oppløysinga skipa tidlegare medlemmar eit nytt sjølvstendig orkester, Symphony of the Air, som verka frå 1954 til 1963. Ein viktig dirigent for dette var Leopold Stokowski.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «NBC Symphony Orchestra» frå , den 27. mai 2018.

Kategori:Skipingar i 1937 Kategori:Nedleggingar i 1954 Kategori:USA-amerikanske orkester Kategori:National Broadcasting Company Kategori:Radio- og fjernsynsorkester