Richard Herrmann () var ein norsk journalist, kåsør og forfattar. Han voks opp på Torstrand i Larvik, men var dei siste åra av livet sitt busett på Skøyen i Oslo.
Herrmann var tilsett i den europeiske avdelinga til Reuters i London frå 1952 til 1964. Frå 1961 fungerte han som redaktør for den britiske avdelinga til Reuters. Frå 1952 var han frilansmedarbeidar i NRK, før han blei fast London-korrespondent for NRK frå 1964 til 1977. Etter det jobba han i programsekretariatet i radioen fram til 1984, då han fekk særskild ansvar for oppbygginga av NRK P2. Han hadde ei rekke radiokåseri opp i gjennom åra. Herrmann har skrive fleire bøker om historia, samfunns- og dagleglivet til britane.
Bibliografi 1967 – Over til London 1968 – Paradisveien 1970 – Bak den svarte døren 1972 – Under Big Ben 1976 – Da ballen ble rund og andre historier om engelsk fotball 1976 – Kvinner for freden 1983 – London: Mine gleders by 1985 – Seks skudd ved sengetid og andre mord 1986 – Livet med Elizabeth og andre kongelige personer 1987 – Victoria: en dronning for sin tid 1988 – Maria Stuart og hennes verden 1990 – Gammel krone for ny tid 1991 – En dikter fra Stratford (berre som lydbok) 1992 – Med skjebnen i hånden: Churchill-slekten i krig og fred 1993 – Fotballen: Den alvorlige leken
Prisar og utmerkingar
Bokhandlarprisen i 1969 Cappelenprisen i 1983 Riksmålsforbundets litteraturpris i 1988
Kjelder nrk.no - stemmer fra arkivet
Bakgrunnsstoff «Jeg tok verdenshistorien i hånden» artikkel på Aftenposten.no, 11.11.2000 «Kunstnere i ord og bilder» artikkel fra Bodø|Nu «Richard Herrmann er død», nrk.no
Herrmann, Richard Herrmann, Richard Herrmann, Richard Kategori:Vinnarar av Cappelenprisen Kategori:Vinnarar av Bokhandlarprisen