Perdita Felicien () er ein kanadisk tidlegare friidrettsutøvar frå Pickering i Ontario-provinsen som vart verdsmeister på 100 meter hekk i 2003 og vann sølv i øvinga fire år seinare.

Aktiv Felicien vart nummer to på korthekken i dei panamerikanske leikane i byrjinga av august 2003, slått med tre hundredels sekund av Brigitte Foster-Hylton frå Jamaica. Tre veker seinare, under verdsmeisterskapen i Paris, kjempa dei same to utøvarane om dei gjevaste medaljane i øvinga, og her vann Felicien gullet med fire hundredels margin. Litt over eit halvår seinare vann Felicien også 60 meter hekk då innandørs-VM 2004 fann stad i Budapest. I sommarsesongen 2004 sette ho personleg rekord på 100 meter hekk med 12,46 sekundar i eit stemne i Eugene i delstaten Oregon i USA. Ho var ein av dei største favorittane i OL i Aten, men ei elendig fyrste hekkepassering gjorde at ho fall og samstundes øydela for Inna Sjevtsjenko i løpebana utanfor.

Etter eit par svakare sesongar kneip Felicien sølvmedaljen på 100 meter hekk under verdsmeisterskapen 2007 i Osaka, tre hundredels sekund bak vinnaren, men berre eitt og to hundredels sekund framom høvesvis nummer tre og fire i løpet. Grunna skade deltok ho ikkje i Beijing-OL 2008. Året etter nådde ho VM-finalen på korthekken i Berlin, men atter slurva ho med hekkepasseringane og vart desidert sist.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2000 i Sydney: Utslått i forsøka (13,21) VM 2001 i Edmonton: Utslått i semifinalane (12,90) VM 2003 i Paris: Gullmedalje – 12,53, framom Brigitte Foster-Hylton (12,57) OL 2004 i Aten: Nr 7 – braut finaleløpet VM 2005 i Helsinki: Utslått i semifinalane (12,94) VM 2007 i Osaka: Sølvmedalje – 12,49, bakom Michelle Perry (12,46) VM 2009 i Berlin: Nr 8 – 15,53 VM 2011 i Daegu: Utslått i semifinalane (12,88)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Perdita Felicien» frå , den 27. mai 2018.

World Athletics

Kategori:Canadiske hekkeløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Canadiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Canadiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004