Willi Wülbeck () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Oberhausen som tevla for Vest-Tyskland. Han vart verdsmeister på 800 meter i 1983.
Aktiv Wülbeck tok seg til finalen på 800 m ved europameisterskapen 1974, der han vart åttande- og sistemann i feltet på ny personleg rekord. To år etter vart han nummer fire i Sommar-OL 1976, over sekundet bak bronsemedaljøren. Fire år seinare glapp dei olympiske sommarleikane då Vest-Tyskland fylgde USA og boikotta Sommar-OL 1980 i Moskva, grunna Sovjetunionen sin invasjon i Afghanistan.
Wülbecks gjorde sitt livs løp då han i den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, i Helsinki den 9. august 1983, vann ein klar siger på 800 meter på tida 1.43,65, tysk rekord også i 2018. Sommaren 1984 var Wülbeck skadd, så OL i Los Angeles gjekk fløyten og han la bort piggskoa.
Frå 1974 til 1983 vann Wülbeck ti strake vesttyske meisterskap på 800 meter.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1974 i Roma: Nr 8 på 800 m – 1.46,3 OL 1976 i Montreal: Nr 4 på 800 m – 1.45,26 EM 1982 i Aten: Nr 8 på 800 m – 1.48,90 VM 1983 i Helsinki: Gullmedalje på 800 m – 1.43,65, framom Rob Druppers (1.44,20)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Willi Wülbeck» frå , den 29. mai 2018.
World Athletics
Kategori:Tyske mellomdistanseløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1983