A Nod's As Good As a Wink... to a Blind Horse er det tredje studioalbumet til den britiske rockegruppa Faces, og det andre albumet deira i 1971. Støtta opp av suksessen som frontmannen og songaren Rod Stewart nyleg hadde hatt med songen «Maggie May», vart dette det mest suksessrike albumet deira, og det nådde sjetteplassen i USA, og andreplassen i Storbritannia. Det inneheld òg den første hitten dei fekk i USA, «Stay with Me» (sjetteplassen i Storbritannia og 17. plassen i USA), og sjølve albumet selde til gullplate i USA i 1972.http://www.discogs.com/Faces-A-Nod-Is-As-Good-As-A-Wink To-A-Blind-Horse/release/4847644

Albumet vart produsert av Glyn Johns. Bassisten Ronnie Lane, som ofte var frustrert over at han ikkje fekk syngje på så mange songar i Faces, fekk her syngje tre av sine eigne songar (ein skriven i lag med klaverspelaren Ian McLagan), mellom anna songen «Debris».

Det originale albumet kom ut med ein stor plakat som bestod av ei rekkje bilete, inkludert bilete av piller og bilete som tilsynelatande vart teken på turné av bandet der dei slår seg laus med nakne groupiar på hotellrom. Berre nokre veker etter albumet kom ut fekk plateselskapet kalde føter og gav ut albumet på ny utan plakaten. Originale utgåver av plakaten er i dag eit samlarobjekt.

Den 28. august 2015 vart albumet gjeve ut på ny med nymastra lyd og bonusspor. To songar frå ei BBC-innspeling var ikkje gjevne ut før. Den nye vinylutgåva inkluderte den originale plakaten som kom med den originale vinylutgjevinga.

Albumet var inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.

Innhald

Medverkande Rod Stewart – solovokal spor 1,3,5 & 7-9, munnspel Ronnie Lane – bass, akustisk gitar, perkusjon, solovokal på spor 2,4 & 6, korvokal på «Too Bad» Ronnie Wood – solo-, slide-, akustisk og pedalsteelgitar, korvokal på «Too Bad», munnspel Ian McLagan – piano, orgel, korvokal på «Too Bad» Kenney Jones – trommer, perkusjon Harry Fowler – steeltrommer på «That's All You Need» Glyn Johns – medprodusent, lydteknikar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «A Nod Is As Good As a Wink... to a Blind Horse» frå , den 31. mai 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Faces-album Kategori:Album produserte av Glyn Johns Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Album produserte av Rod Stewart Kategori:Album produserte av Ronnie Lane Kategori:Album produserte av Ronnie Wood Kategori:Album produserte av Kenney Jones Kategori:Album produserte av Ian McLagan