Amy Mbacké Thiam () er ein senegalesisk tidlegare friidrettsutøvar som vart verdsmeister på 400 meter i 2001 og fekk bronsen på same distansen i 2003.

Aktiv Thiam forbetra den nasjonale rekorden på 400 m til 50,21 sekundar då ho vann semifinalen under verdsmeisterskapen 2001 i Edmonton. I finalen gjorde ho sitt livs løp og tok gullmedaljen med tida 49,86, to hundredels sekund framom Lorraine Fenton frå Jamaica og ni hundredelar framom meksikanske Ana Guevara. To år seinare presterte Thiam eit nytt toppløp ved VM i Paris og kneip med tida 49,95 bronsemedaljen, klart slått av verdsmeister Guevara og av sølvvinnar Fenton.

Etter 2003 var Thiam ikkje i stand til å nå finalen i dei største internasjonale meisterskapane. I 2006 vart ho afrikameister på 400 meter etter eit løp på 52,22 sekundar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1999 i Sevilla: Utslått i semifinalane (50,77 =nr 13) OL 2000 i Sydney: Utslått i semifinalane (51,60 =nr 12) VM 2001 i Edmonton: Gullmedalje på 400 m – 49,86, framom Lorraine Fenton (49,88) VM 2003 i Paris: Bronsemedalje på 400 m – 49,95 OL 2004 i Aten: Utslått i forsøka (52,44 =nr 29) VM 2005 i Helsinki: Nr 8 – 52,22 VM 2007 i Osaka: Utslått i forsøka (54,31 =nr 38) VM 2009 i Berlin: Utslått i semifinalane (51,70 =nr 14) OL 2012 i London: Utslått i forsøka (53,23 =nr 21) VM 2013 i Moskva: Utslått i semifinalane (52,37 =nr 20)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Amy Mbacké Thiam» frå , den 1. juni 2018.

World Athletics

Kategori:Senegalesiske friidrettsutøvarar Kategori:Sprintarar Kategori:Senegalesiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Senegalesiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Senegalesiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012