Brødrene Dal og professor Drøvels hemmelighet er ein TV-serie frå 1979 og den første av seriane om Brødrene Dal. Regissørar var Eivind Aaeng og Kalle Fürst.
I 1950 forsvann professoren Kurt Drøvel medan han skulle utforske den ukjende elva Overfloden i utkanten av Oslo. Alle freistnader på å berge han var mislukka. 28 år seinare drar brørne Dal på ei ferd i ein kano opp Overfloden for å finne ut kva som verkeleg skjedde med professor Drøvel.
Serien var vist på NRK våren 1979.
Referansar
Bakgrunnsstoff Brødrene Dal og professor Drøvels hemmelighet på NRK Nett-TV
Kategori:Brødrene Dal Kategori:Norske fjernsynsseriar frå 1970-åra Kategori:Norske eventyrseriar Kategori:Norske humorseriar