Bekblende (frå tysk Pechblende), uranbekerts eller uraninitt er eit svart og tungt mineral og svært radioaktivt materiale som for det meste inneheld uranoksid, hovudsakleg UO2, men kan òg innehalde UO3 og oksyd av bly, thorium og sjeldne jordmetall. Stoffet blir nytta som malm for å vinna ut uran, og radium, som er eit nedbrytingsprodukt av uran.

Mineralet har vore kjend sidan minst 1400-talet frå sølvgruver i Malmfjella på grensa mellom Tyskland og Tsjekkia. Typelokaliteten er byen Jáchymov på den tsjekkiske sida av fjella, der F.E. Brückmann skildra mineralet i 1727. Ein finn stoffet i produsentland som Sør-Afrika, USA og Canada. Det finst òg i Tyskland, England og Australia.

Krystallisert bekblende finst i minerala cleveitt og brøggeritt, som mellom anna finst i Noreg.

Kjelder Nynorskordboka og Bokmålsordboka Caplex Bekblende. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014. Engelsk Wikipedia

Bakgrunnsstoff

kategori:Uranmineral kategori:Oksydmineral kategori:Radioaktive mineral kategori:Kubiske mineral