A Spanner in the Works er det 17. studioalbumet til Rod Stewart, gjeve ut den 26. mai 1995. Det var då fire år sidan det førre studioalbumet hans, den lengste pausen til då mellom to Stewart-album. Det kom ut på Warner Bros. Records (WEA 9362 45867-1/2) i USA, Storbritannia og Japan. Det vart gjeve ut fem singlar frå albumet: «You're The Star», «Leave Virginia Alone», «This», «Lady Luck» og «Purple Heather».
Innhald Albumet innheld ein versjon av Bob Dylan sin «Sweetheart Like You» og The Blue Nile sin «The Downtown Lights». Songen «Muddy, Sam, and Otis» er ei hyllest til Muddy Waters, Sam Cooke og Otis Redding. «Purple Heather» er ei folkevise som normalt vert kalla «Wild Mountain Thyme». Han vert ofte oppført som ein tradisjonell song, men vart skriven av The McPeakes. Songen vart spelt inn med det skotske herrelaget til fotball-EM i 1996. «Leave Virginia Alone» vart skriven av Tom Petty og spelt inn for albumet Wildflowers, men kom aldri med på det ferdige albumet og gjeven til Stewart i staden for.
Innhald
Merknadar Spor 1, 2, 4, 5, 6, 7, 8, 9 og 12 produsert av Trevor Horn Spor 4, 6, 7, 8, 10, 11 og 12 produsert av Rod Stewart Spor 7, 10 og 11 produsert av Bernard Edwards Spor 3 produsert av James Newton-Howard, Michael Ostin og Lenny Waronker Spor 10 produsert av Andy Taylor
Medverkande
Salslister Albumet selde til gullplate i USA og Storbritannia. I desse landa nådde albumet høvesvis 35. og 4. plassen på albumlista.
+ Singlar År Song Rangering 1995 «Leave Virginia Alone» 52 (USA) 1995 «You're the Star» 19 (Storbritannia) 53 (GER) 1995 «This» 1995 «Lady Luck» 39 (JP) 56 (Storbritannia) 65 (GER) 1996 «Purple Heather» (med Scottish Euro '96 Football Squad) 16 (Storbritannia)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «A Spanner in the Works» frå , den 6. juni 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Rod Stewart-album Kategori:Musikkalbum frå 1995 Kategori:Album produserte av Trevor Horn Kategori:Album produserte av Lenny Waronker Kategori:Album produserte av Bernard Edwards Kategori:Warner Bros. Records-album