Brønnøysund vidaregåande skule (BVS) ligg sentralt i Brønnøysund i Brønnøy kommune på Sør-Helgeland. Det er over 465 elevar og 120 tilsette på BVS. Skulen tilbyr 21 ulike programområde og tek imot elevar frå nabokommunane Vega, Bindal. Sømna og Vevelstad.
Historie Tidlegare var skulen delt i to vidaregåande skuler, kalla Østtun som var ei yrkesfagleg skule og Vesttun som var gymnas. I 1990 blei dei to skulane slått saman til ein skule.
Skulen vart pussa opp frå 2013 til 2014, da fekk skulen kantine og bibliotek.
Dei fleste studietilboda er plassert i skulebygget som ligg ved Samfunnshuset. Ei avdeling, Teknisk og industriell produksjon ligg fire kilometer lenger nord i Brønnøysund. Skulen brukar og Brønnøyhallen og turområdet Svarthopen i undervisninga. Kjelder
Kategori:Brønnøy kommune Kategori:Vidaregåande skular i Nordland