No Dice er det andre studioalbumet til det britiske rockebandet Badfinger, gjeve ut på Apple Records 9. november 1970. Det er det tredje albumet deira totalt og gjorde bandet populære, særleg i utlandet. Albumet inneheld både hitsingelen «No Matter What» og songen «Without You», som vart ein av dei mest suksessrike songane i rockehistoria.

Historie

Sjølv om dette var det andre albumet bandet gav ut som Badfinger, vart det førre albumet, Magic Christian Music spelt inn som The Iveys, men gjeven ut som Badfinger. Dette var det første albumet deira etter at den nye gitaristen Joey Molland kom inn i gruppa og erstatta bassisten Ron Griffiths. Med Molland i bandet byta Tom Evans frå rytmegitar til bass. Badfinger gav ut fem album med denne besetninga, som vert rekna som den mest suksessrike.

No Dice nådde 28. plassen på Billboard Hot 200-lista. Det fekk god kritikk då det kom i magasinet Rolling Stone.

Singelen frå albumet, «No Matter What», nådde åttandeplassen i USA på Billboard Hot 100-lista i 1970. Songen vert ofte rekna som eit tidleg døme på powerpop. Albumet inneheld òg originalversjonen av «Without You». Sjølv om Badfinger ikkje sjølv gav ut denne songen på singel, vart han i 1972 ein stor hit for Harry Nilsson, som nådde toppen av Billboard-lista og for Mariah Carey i 1994. «Without You» er sidan blitt covra av meir enn 180 forskjellige artistar.

I 1992 kom ei nymastra utgåve av No Dice ut på Capitol Records og Apple, med fem nye bonusspor.

Innhald

Medverkande Badfinger Pete Ham – solo- og korvokal, solo- og rytmegitar, piano, spikerpiano på «Midnight Caller», Fender Rhodes elektrisk piano på «Without You» Tom Evans – solo- og korvokal, bassgitar Joey Molland – solo- og korvokal, rytme- og sologitar Mike Gibbins – trommer, korvokal på «It Had To Be», solovokal på «Loving You»

Andre medverkande Geoff Emerick – produsent Mal Evans – produsent Mike Jarrett – miksing John Kurlander – lydteknikar Richard Lush – lydteknikar Keith H - studiomauiskar Steve Kolanijan – notat i omslaget Mike Jarratt – lydteknikar, miksing Marcia McGovern – preproduksjon Roberta Ballard – produksjonsleiar Gene Mahon – design Richard DiLello – design, fotografi Ron Furmanek – digital mastering, mastering, miksing (CD-utgåve)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «No Dice» frå , den 10. juni 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Badfinger-album Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios Kategori:Apple Records-album Kategori:Album spelte inn i Trident Studios Kategori:Album produserte av Geoff Emerick