Bettine Jahn, fødd Gärtz, () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Magdeburg som representerte Aust-Tyskland. Ho vart i 1983 verdsmeister på 100 meter hekk.
Aktiv Som Bettine Gärtz deltok ho i dei olympiske sommarleikane 1980 i Moskva der ho vart nummer sju på korthekken. To år seinare kom ho på fjerdeplassen i europameisterskapen i Aten, eitt hundredels sekund bak landskvinna Kerstin Knabe på bronseplass.
Den 8. juni 1983 sette Jahn i Berlin austtysk rekord på 100 m hekk med eit løp på 12,42 sekundar, ei tid som 35 år seinare er gjeldande tysk rekord i øvinga. To månader seinare vann ho gullmedaljen på 100 meter hekk, i 2,4 sekundmeter medvind fekk ho notert ei vinnartid på 12,35 sekundar.
Etter som Aust-Tyskland boikotta Sommar-OL 1984, deltok ikkje Jahn i Los Angeles. Etter å ha vorte mor i 1985 prøvde ho fåfengt å nå sitt tidlegare nivå og ho la opp i 1988.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1980 i Moskva: Nr 7 på 100 m hekk – 12,93 EM 1982 i Aten: Nr 4 på 100 m hekk – 12,55 VM 1983 i Helsinki: Gullmedalje på 100 m hekk – 12,35, framom Kerstin Knabe (12,42)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bettine Jahn» frå , den 14. juni 2018.
World Athletics
Kategori:Tyske hekkeløparar Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980