Vera Margaret Lynn () var ein britisk songar, låtskrivar og skodespelar. Ho var særskild populær på 1930- og 1940-talet. Under andre verdsrkigen turnerte ho blant militære i Egypt, India og Burma, og fekk kallenamnet «the Forces' Sweetheart».
Ho er kjend for framføringa av songar som «We'll Meet Again», «The White Cliffs of Dover», «A Nightingale Sang in Berkeley Square» og «There'll Always Be an England». Ho blei verande populær også etter krigen, med mange opptredenar på radio og fjernsyn i Storbritannia og USA. Ho spelte inn hittar som «Auf Wiederseh'n Sweetheart» og «My Son, My Son». Den siste singelen hennar, «I Love This Land», blei gjeven ut for å markera slutten av Falklandskrigen. I 2009, då ho var 92, blei Lynn den eldste levande artisten til å nå toppen av albumlista i Storbritannia, med We'll Meet Again: The Very Best of Vera Lynn. I 2017, året då ho fylte hundre år, gav ho ut albumet Vera Lynn 100. Det nådde tredjeplassen på albumlista, og gjorde henne til den første hundreåringen til å ha eit album på topplista.
Lynn brukte også mykje tid og energi på veldedig arbeid knytt til tidlegare soldatar, barn med funksjonshemmingar og brystkreft. Ho blei utnemnd til Dame Vera Lynn (DBE) i 1976. I 2000 blei ho kåra til den briten som var det beste dømet på ånda frå 1900-talet i ei britisk meiningsmåling.
Diskografi Studioalbum 1949 - Sincerely Yours 1956 - If I Am Dreaming 1958 - The Wonderful World of Nursery Rhymes 1959 - Vera Lynn Sings...Songs of the Tuneful Twenties 1960 - Sing With Vera 1960 - Yours 1961 - As Time Goes By 1962 - Hits of the Blitz 1963 - The Wonderful Vera Lynn 1964 - Among My Souvenirs 1966 - More Hits of the Blitz 1970 - Hits of the 60's-My Way 1972 - Unforgettable Songs by Vera Lynn 1972 - Favourite Sacred Songs 1974 - Vera Lynn Remembers – The World at War 1976 - Christmas with Vera Lynn 1977 - Vera Lynn in Nashville 1979 - Thank You For the Music (I Sing The Songs) 1981 - Singing To the World 1984 - Vera Lynn Remembers
Samlingsalbum i urval 1981 - 20 Family Favourites 2009 - We'll Meet Again: The Very Best of Vera Lynn 2014 - National Treasure – Ultimate Collection 2017 - Vera Lynn 100
Filmografi 1943 - We'll Meet Again 1943 - Rhythm Serenade 1944 - One Exciting Night 1962 - Venus fra Vestø 2014 - Meet Again
Priser og utmerkingar Den britiske imperieordenen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Vera Lynn» frå , og «Vera Lynn» frå den 15. juni 2018.
Bakgrunnsstoff Diskografi ved Discogs.com
Kategori:Britiske songarar