Thomas Strunz () er ein tidlegare fotballspelar frå Duisburg i Tyskland som vart europameister i 1996. Med Bayern München vann han som defensiv midtbanespelar både UEFA-cupen, bundesligaen og den nasjonale cupmeisterskapen.

Karriere Klubbspel Strunz spelte på MSV Duisburg frå 1986 til -89. Han fekk sin debut i den vesttyske toppserien bundesligaen den 31. august 1989 med Bayern München, ein klubb han gjorde teneste i fram til 1992. Der etter var han VfB Stuttgart-spelar i tre sesongar til han sommaren 1995 på ny fekk kontrakt med Bayern München. Her var han dei neste fem åra med på vinne UEFA-cupen i 1996 og sidan tre bundesliga-titlar, så vel som den tyske cupmeisterskapen ved to høve. Ved utgangen av år 2000 vart han vraka frå Bayern-troppa og la opp.

Landslagsspel Strunz debuterte på Tyskland sitt landslag i oktober 1990, men det var fyrst i 1993 han byrja etablere seg i landslaget. Han deltok i tre av kampane under verdsmeisterskapen 1994 i USA og skåra sitt einaste landslagsmål då Tyskland tapte 2-3 mot Bulgaria i ein EM-kvalifiseringskamp i Sofia den 7. juni 1995. Strunz spelte fem av dei seks kampane til Tyskland under Fotball-EM 1996, mellom dei heile finalen mot Tsjekkia, ein kamp som enda med tysk triumf på «golden goal». Sidan hausten 1996 var han ute av landslaget i to år og kom ikkje med i VM-troppa 1998. Derimot deltok han over ein 10-månaders periode i sju landskampar, til dess han vart bytta ut i ein EM-kvalifiseringskamp mot Nord-Irland i september 1999. I alt opptredde han 41 gongar i landslagsdrakta.

Merittar Europameister: 1996 for Tyskland Vinnar av UEFA-cupen: 1996 med Bayern München Vesttysk/tysk seriemeister: 1990, 1997, 1999 og 2000 med Bayern München Tysk cupmeister (DFB-pokal): 1998 og 2000 med Bayern München

Kjelder eu-football Denne artikkelen bygger på «Thomas Strunz» frå , den 27. juni 2018.

Kategori:Tyske fotballspelarar Kategori:Bayern München-spelarar Kategori:Stuttgart-spelarar Kategori:Duisburg-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1996