Movering er eit omgrep innan namnegranskinga, og inneber oftast at eit kvinnenamn blir avleidd av eit mannsnamn. Avleiinga skjer oftast med tillegg av suffiks som -a, -e, -ina eller -ine.Kvinnenavn i Nord-Norge og Agder på 1800-tallet Forskjeller i navnetilfanget Sissel Johanne Fagerheim Masteroppgave i nordisk språk 2014 Suffikset -etta, eventuelt -ette, kan også bli brukt for å gjere mannsnamn til kvinnenamn.

Døme på slik movering kan vere Tora eller Tore av Tor Paulina eller Pauline av Paul Antonetta eller Antonette av Anton

Unntaksvis kan slik movering også skje frå kvinnenamn til mannsnamn, også kalla kvinnemovering.Norna: personnamntermer. Etter Gulbrand Alhaug Slik avleiing kan skje med suffikset -o eller -us. Døme på movering til mannsnamn kan vere Katrinus av KatrineGulbrand Alhaug sitert i Sissel Johanne Fagerheim Masteroppgave i nordisk språk 2014 Margido av Margit Det er ulike forklaringar på fenomenet movering. Nordiske forskarar stør seg til ein teori om at movering gjer det mogleg å kalle opp slektningar på tvers av kjønnsgrensene. Søreuropeiske namnneforskarar meiner movering gjer det mogleg for jenter å få namn etter mannlege helgenar i den katolske kyrkja.

Moverte kvinnenamn med endinga -ina/-ine skal ha opphav i fransk namneskikk, og kom til Noreg via Danmark på 1700-talet. Namna vart særleg populære frå midten av 1800-talet.

Kjelder

Kategori:Personnamn Kategori:Namnelaging