mini|upright=1.2|Tittelbladet til Reichsgesetzblatt som kunngjer lovane frå 16. september 1935 (RGB I nr. 100)

Nürnberglovene (tysk die Nürnberger Gesetze) var ei gruppe lovar frå det nasjonalsosialistiske Tyskland som blei einstemmig vedtekne den 15. september 1935 ved eit spesielt riksdagsmøte under Rikspartidagane i Nürnberg. Nürnberglovane nedfelte antisemittisme i det tyske lovverket på ein heilskapleg måte. Dei peikte ut jødar som ei gruppe utan dei same rettane som andre tyske borgarar, og forsterka det juridiske grunnlaget for dei nazistiske jødeforfølgingane som enda med Holocaust. Desse lovane innførte også hakekrossflagget som nytt tysk nasjonalflagg.

Lovar mini|venstre|Blodsvernloven skulle avgrensa «raseblanding» mellom folk med «tysk» og «jødisk» blod. Plansjen viser korleis ein definerte jødar (Juden på tysk, merka med svart fargetone), og kven ein tillét dei å vera gifte eller ha sex med. Zulässig tyder 'tillate' og verboten 'forbode'.

Nürnberglovene omfatta tre lovar:

Riksborgarloven ()

Blodsvernloven eller Lov om vern av det tyske blodet og den tyske æra () Riksflaggloven ()

Riksborgarloven og Blodsvernloven var skrivne av Wilhelm Stuckart saman med Bernhard Lösener og Franz Albrecht Medicus ved innanriksdepartementet, som var leia av riksministeren Wilhelm Frick.

I løpet av dei neste åtte åra blei det også lagt til tretten dekret til lovane.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nürnberglovene» frå , og «Nürnberglagarna» frå den 2. juli 2018.

Kategori:Antisemittisme Kategori:Holocaust Kategori:Nazi-Tyskland Kategori:Nürnberg Kategori:1935 i Tyskland Kategori:1930-åra i Tyskland