Beck, Bogert & Appice er debutalbumet til bandet Beck, Bogert & Appice frå 1973. Gruppa var ein powertrio som bestod av gitaristen Jeff Beck (som alt hadde vore medlem av The Yardbirds), bassisten Tim Bogert og trommeslagaren Carmine Appice (tidlegare Vanilla Fudge og Cactus).

Albumet inneheld Beck sin versjon av songen «Superstition», skriven av Stevie Wonder. Beck hadde òg spelt på originalinnspelinga til Wonder av songen i 1972. Beck, Bogert & Appice vart gjeven ut i både vanleg stereo og 4-kanals kvadrofonisk lyd. Dette var det einaste studioalbumet til bandet, sidan BEck brått forlet bandet i 1974.

Innhald

Medverkande Jeff Beck – gitar og vokal, solovokal på (1) Tim Bogert – bass og vokal, solovokal på (4,6,7) Carmine Appice – trommer og vokal, solovokal på (2,3,5,8,9)

med: Jimmy Greenspoon – piano Duane Hitchings – piano, Mellotron Danny Hutton – korvokal

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Beck, Bogert and Appice (album)» frå , den 5. juli 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Beck, Bogert & Appice-album Kategori:Debutalbum frå 1973 Kategori:Epic Records-album