Marouane Fellaini-Bakkioui () er ein belgisk fotballspelar frå Etterbeek med foreldre innvandra frå Marokko. Han er sidan januar 2019 aktiv i den kinesiske klubben Shandong Luneng. Perioden 2008-19 spelte han i Premier League i England, fyrst for Everton og deretter Manchester United. Tida 2007-18 har Fellaini delteke i 86 landskampar for Belgia. Storvaksne Fellaini er kjend som ein hardttaklande midtbanespelar og dyktig hovudspelar.

Klubbspel Fellaini debuterte på Standard Liège i 2006 og var i 2008 med å vinne fyrstedivisjon i Belgia. I september same året vart han overført til Everton FC i England, der han våren 2009 var med då laget frå Liverpool tapte 1-2 mot Chelsea FC i finalen FA-cupen. Etter fem år i Everton gjekk turen i september 2013 vidare til Manchester United, mot eit vederlag 27,5 millionar engelske pund. Med Manchester United vann pokalar både i FA-cupen, ligacupen og europaligaen. Vinteren 2019 fekk han kontrakt med Shandong Luneng.

Landslagsspel Fellaini var landslagsspelar for Belgia frå 2007 til-18. Han representerte landet både under Sommar-OL 2008 i Beijing, verdsmeisterskapane i fotball 2014 og 2018, samt i det mellomgåande EM 2016.

Merittar Vinnar av europaligaen: 2017 med Manchester United Belgisk seriemeister: 2008 med Standard Liège Engelsk FA-cupvinnar: 2016 med Manchester United Engelsk ligacupvinnar: 2017 med Manchester United

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Marouane Fellaini» frå , den 7. juli 2018.

eu-football

Kategori:Belgiske fotballspelarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:Everton-spelarar Kategori:Standard Liège-spelarar Kategori:Belgiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 2008