Ein psykolog er ein person som har studert psykologi. I Noreg er «psykolog» ein beskytta tittel, for å kunne kalle seg psykolog må ein ha eksamen frå eit av profesjonsstudia i psykologi ved universiteta. Dette studiet er på seks år og inkluderer ei opplæring i generell psykologi, psykopatologi, terapi og ei sjølvstendig vitskapeleg oppgåve. Etter dette er det mogleg å spesialisere seg ved å i løpet av fem år følgje visse vidareutdanningskurs, skrive ein vitskapleg artikkel, og jobbe som psykolog.
Kjende psykologar Erik H. Erikson Anna Freud Sigmund Freud Carl Gustav Jung Jacques Lacan Wilhelm Reich Albert Ellis Max Wertheimer Wilhelm Wundt
Kategori:Yrke Kategori:Psykologi