Brit Sandaune () er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Skatval i Nord-Trøndelag som vart olympisk meister med Noreg i 2000 og vann OL-bronse i 1996. I tida 1993-2003 sanka ho heile 15 nasjonale pokalar med Trondheims-Ørn. Ho var mange sesongar kantspelar, seinare oftast høgreback.
Sandaune spelte på Stjørdals-Blink til og med 1989. Sidan var ho frå 1990 til 2004 aktiv i toppserielaget Trondheims-Ørn, eit lag ho gjennom desse 15 sesongane vann åtte cupfinalar og sju seriemeisterskap med. Ho spelte 258 toppseriekampar og skåra 127 mål.
Sandaune var landslagsspelar frå 1995 til 2003. Ho deltok i samtlege norske meisterskapstroppar i tida 1996-2003. På sine 119 landskampar noterte ho seg for 9 nettkjenningar. I bronsefinalen under Sommar-OL 1996 kom ho inn på bana etter ein halv times spel i staden for skadde Heidi Støre, medan ho i 2000 i Sydney spelte heile OL-finalen som enda med norsk triumf etter «golden goal».
Merittar Olympisk meister: 2000 med Noreg OL-bronse: 1996 med Noreg Seriemeister: 1994, 1995, 1996, 1997, 2000, 2001 og 2003 med Trondheims/Ørn Noregsmeister: 1993, 1994, 1996, 1997, 1998, 1999, 2001 og 2002 med Trondheims/Ørn
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Brit Sandaune» frå , den 12. juli 2018.
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 2000 Kategori:Trondheims-Ørn-spelarar Kategori:Stjørdals-Blink-spelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Folk frå Stjørdal