Martin Adolf Salbubæk () var ein norsk småbrukar og politikar frå Hasselvika i Rissa. Stortingsmann 1934-45 for Arbeidarpartiet.
Salbubæk var heile ungdomstida fiskar og jordbruksarbeidar heime hos foreldra. Han tok over småbruket Salbubekken i Fevåg i Stjørna etter dei, dyrka opp 50 dekar jord og bygde nye hus. Ved sida av småbruket dreiv han sildefiske og tok seg jobbar i fiskerinæringa.
Salbubæk melde seg inn i det Det norske Arbeidarparti i 1910. Gjennom mange år var han ein mykje aktiv organisasjonsbyggjar, stod såleis bak stiftinga av fleire lokale partilag i Trøndelag. Då Arbeidarpartiet vart splitta i 1923 støtta store delar av medlemsmassen i Trøndelag Komintern-linja. Desse var då med å danne Norges Kommunistiske Parti, mellom dei Salbubæk som var medlem i NKP eit par år før han melde seg inn att i DnA.
Frå 1922 til 1937 var Salbubæk heradsstyremedlem i Stjørna. Han hadde elles fleire andre kommunale verv. Hausten 1933 vart han vald inn på Stortinget som representant for Arbeidarpartiet og Sør-Trøndelag fylke. Tre år seinare vart han attvald og møtte på Stortinget til 1945. I begge valperiodane var han medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen.
Under andre verdskrigen vart Salbubæk arrestert av den tyske okkupasjonsmakta og send til fangenskap i Tyskland. Han døydde «som følge av behandling i tysklandsfangenskap».Arbeiderbladet 26.10.1946
Kjelder
Notar
Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Folk frå Rissa