Romelu Menama Lukaku Bolingoli () er ein belgisk fotballspelar, fødd i Antwerpen, som spelar for Inter Milan (2020).

mini|venstre|Lukaku under VM 2018

I 2017 spelte han for den engelske fotballklubben Manchester United FC. Han hadde per 31. juli 2018 delteke i 75 kampar på det belgiske landslaget og vann bronsemedalje med landslaget under Fotball-VM 2018.

Lukaku spelte 2009-11 på RSC Anderlecht der han i 2010 var med å vinne den nasjonale serien. Sommaren 2011 vart han overført til engelske Chelsea FC, men fekk lite speletid i London-klubben og spelte i 2012/13-sesongen for West Bromwich. I september 2013 gjekk turen til Everton FC, ein klubb der han viste seg som ein sterk, flittig målskårar. Sommaren 2017 vart så Lukaku overført til Manchester United mot 90 millionar engelske pund.

Lukaku fekk sin landslagsdebut for Belgia knapt 17 år gammal i mars 2010. Han deltok både i Fotball-VM 2014, EM i fotball 2016 og i Fotball-VM 2018 i Russland. Under verdsmeisterskapen i Russland skåra han fire mål og gjorde sitt til at Belgia sikra seg bronsen med siger 2-0 over England. Lukaku har spelt 75 landskampar og skåra 40 mål for Belgia per juli 2018.

Merittar VM-bronse: 2018 for Belgia Belgisk seriemeister: 2010 med RSC Anderlcht

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Romelu Lukaku» frå , den 15. juli 2018. eu-football

Kategori:Belgiske fotballspelarar Kategori:Everton-spelarar Kategori:Anderlecht-spelarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:West Bromwich-spelarar Kategori:Chelsea-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2021 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2022 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2024 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2026