Claudia Losch () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Wanne-Eickel som vart olympisk meister i kulestøyt i 1984.
Aktiv Losch vart vesttysk meister i kulestøyt i ti år på rad, 1982-91. Heile denne tiårsperioden høyrde ho med i verdseliten i øvinga. Under dei olympiske sommarleikane 1984 i Los Angeles stod Losch og rumenske Mihaela Loghin i ei klasse for seg med støyt langt over meteren lengre enn bronsevinnaren. Losch tok leiinga i den fyrste omgangen med 19,97 m og auka til 20,31 m i den andre. I den fjerde omgangen gjekk Longhin i teten med eit støyt på 20,47 m, før Losch i sitt siste forsøk støytte kula 20,48 meter.
Sesongane frå 1986 til 1991 enda Losch fire gongar på fjerdeplassen i kuletevlinga i dei største internasjonale meisterskapane, den femte gongen, Sommar-OL 1988, vart ho nummer fem. Nærast medalje desse åra var ho ved VM 1987 og EM 1990 då ho hamna høvesvis tre og fire centimeter bak to ulike bronsevinnarar frå Aust-Tyskland.
Den 23. august 1987 støytte Losch kula heile 22,19 meter i Hainfeld i Austerrike, hennar livs lengste støyt.
Losch la opp etter 1992-sesongen. Gjennom det meste av hennar tid på toppnivå gjekk talrike rykte om bruk av dopingmidlar i den treningsgruppa ho tilhøyrde. Noko som seinare vart stadfesta, utan Losch nokon gong testa positivt.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1983 i Helsinki: Nr 7 – 19,72 m OL 1984 i Los Angeles: Gullmedalje – 20, 48 m, framom Mihaela Loghin (20,47 m) EM 1986 i Stuttgart: Nr 4 – 20,54 m VM 1987 i Roma: Nr 4 – 20,73 m OL 1988 i Seoul: Nr 5 – 20,27 m EM 1990 i Split: Nr 4 – 19,92 m VM 1991 i Tokyo: Nr 4 – 19,74 m
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Claudia Losch» frå , den 19. juli 2018.
World Athletics
Kategori:Tyske kulestøytarar Kategori:Olympiske meistrar for Vest-Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1984 Kategori:Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988