Roy Cochran, fullt namn LeRoy Braxton Cochran, () var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar, fødd i Richton i delstaten Mississippi, som vart olympisk meister på 400 meter hekk i 1948, der han også vann OL-gull i 4 x 400 meter stafett.
Aktiv Roy Cochran vart AAU-meister på 440 yards hekk i 1939 med den sterke tida 51,9 sekundar. Under den andre verdskrigen gjorde han krigsteneste i Stillehavet, etter krigen studerte han fysiologi ved University of Southern California.
OL-sesongen 1948 vann Cochran dei nasjonale OL-uttaka på langhekken på tida 51,7 og han vart også for andre gong USA-meister. Under sommarleikane i London sprang han inn til ein suveren gullmedalje på 400 meter hekk, med tida 51,1 sekundar slo han sølvvinnaren Duncan White med heile sju tidels sekund. Ei veke seinare vann han OL-gull nummer to då han tok seg av den tredje etappen for USA i 4 x 400 meter stafett, saman med Arthur Harnden, Cliff Bourland og ankermann Mal Whitfield viste Cochran det franske laget til andreplass, over fire sekundar bak.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Roy Cochran» frå , den 22. juli 2018.
World Athletics
Kategori:Hekkeløparar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1948 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948