Maurizio Damilano () er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar frå Scarnafigi i Cuneo-provinsen som i 1980 vart olympisk meister i 20 km kappgang og sidan verdsmeister 1987 og 1991 på same distansen. Elles vann han to OL-bronsar og eitt EM-sølv, også dei på 20 km.

Aktiv Etter sjetteplass i den internasjonale meisterskapsdebuten i EM 1978, kom Damilano tilbake og vann i Moskva i 1980 den olympiske gullmedaljen i 20 km kappgang framom Pjotr Potsjentsjuk frå arrangørlandet Sovjetunionen. I dei neste sommarleikane, i Los Angeles i 1984, måtte Damilano sjå seg frågått av meksikanarane Ernesto Canto og Raúl González og enda såleis opp med bronsemedaljen. Under europameisterskapen i Stuttgart i 1986 kjempa Damilano om sigeren på 20 km mot Jozef Pribilinec frå Tsjekkoslovakia til så å seie siste steg, eit oppgjer Pribilinec vann med to sekunds margin. Året etter fekk Damilano revansje då VM 1987 fann stad i heimelandet, der han i Roma vann med 22 sekunds fordel i høve Pribilinec på andreplass. Under Sommar-OL 1988 i Seoul inntok Pribilinec på ny det høgste punktet på sigerspallen etter 20 km kappgang var gjennomført, Roland Weigel var nærast å snyte slovaken for gullet, medan Damilano kom på bronseplassen. I 1991 forsvarte Damilano VM-tittelen på 20 km under meisterskapen i Tokyo. Året etter kom han på fjerdeplass under dei olympiske leikane i Barcelona, der han hamna eit stykke bakom medaljevinnarane i spesialøvinga.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1978 i Praha: Nr 6 på 20 km – 1.24.57 OL 1980 i Moskva: Gullmedalje på 20 km – 1.23.35, framom Pjotr Potsjentsjuk (1.24.45) EM 1982 i Aten: Diskvalifisert på 20 km, braut 50 km VM 1983 i Helsinki: Nr 7 på 20 km – 1.21.57 OL 1984 i Los Angeles: Bronsemedalje på 20 km – 1.23.26 EM 1986 i Stuttgart: Sølvmedalje på 20 km – 1.21.17, bakom Jozef Pribilinec (1.21.15). Braut 50 km VM 1987 i Roma: Gullmedalje på 20 km – 1.20.45, framom Jozef Pribilinec (1.21.07) OL 1988 i Seoul: Bronsemedalje på 20 km – 1.20.14 EM 1990 i Split: Braut 50 km VM 1991 i Tokyo: Gullmedalje på 20 km – 1.19.37, framom Mikhail Sjtsjennikov (1.19.46) OL 1992 i Barcelona: Nr 4 på 20 km – 1.23.39

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Italienske kappgjengarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Italia Kategori:Olympiske meistrar for Italia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Italia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1980 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1984 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1983 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1987 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1991