Jesús Ángel García Bragado () er ein spansk friidrettsutøvar frå Madrid som i 1993 vart verdsmeister i 50 kilometer kappgang. Han vann også VM-sølv 1997, 2001, 2009, EM-sølv 2006 og EM-bronse 2002. García deltok 1992-2016 i samtlege sju olympiske sommarleikar, han er den einaste friidrettsutøvaren som har vore med i så mange Sommar-OL.
Aktiv García vart nummer ti i sin internasjonale meisterskapsdebut på 50 km, som fann stad på spansk heimegrunn under Sommar-OL 1992 i Barcelona. Året etter gjekk han heilt til topps på distansen under verdsmeisterskapen i Stuttgart med tida 3.41.41. Der etter vart han fjerdemann i EM 1994 og femtemann i VM 1995.
To år seinare vann García sølvmedaljen ved VM 1997 i Aten, frågått med 13 sekundar av Robert Korzeniowski frå Polen. Dei neste sesongane klarte ikkje García hevde seg i dei største meisterskapane. Fyrst i 2001 var han tilbake i toppsjiktet på 50 km med sølvplassen under VM 2001 i Edmonton, atter var Korzeniowski hans overmann. I EM 2002 i München måtte García eitt steg ned på sigerspallen til bronseplassen, langt bak Korzeniowski og sølvmedaljør Aleksej Vojevodin frå Russland. Dei neste åra vart García nummer seks i VM 2003 og nummer fem i Sommar-OL 2004.
Etter å ha vorte diskvalifisert under VM 2005, kom han tilbake og vann sølvmedaljen ved EM 2006 bakom den nye meisteren på 50 km, Yohann Diniz frå Frankrike. Under dei olympiske leikane 2008 i Beijing kom García på fjerdeplass, langt bak medaljevinnarane. Etter fullført gange på 50 km ved VM 2009 i Berlin vart han tildelt bronsemedaljen, ein medalje som i 2015 vart omgjort til sølv då den opphavlege vinnaren, Sergej Kirdjapkin, fekk annullert sine prestasjonar frå den aktuelle perioden i 2009.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap mini|García under eit europacupstemne i Murcia i 2015 OL 1992 i Barcelona: Nr 10 – 3.58.03 VM 1993 i Stuttgart: Gullmedalje – 3.41.41, framom Valentin Kononen (3.42.02) EM 1994 i Helsinki: Nr 4 – 3.45.25 VM 1995 i Göteborg: Nr 5 – 3.48.05 OL 1996 i Atlanta: Braut VM 1997 i Aten: Sølvmedalje – 3.44.59, bakom Robert Korzeniowski (3.44.46) VM 1999 i Sevilla: Braut OL 2000 i Sydney: Nr 12 – 3.49.31 VM 2001 i Edmonton: Sølvmedalje – 3.43.07, bakom Robert Korzeniowski (3.42.08) EM 2002 i München: Bronsemedalje – 3.44.33 VM 2003 i Paris: Nr 6 – 3.43.56 OL 2004 i Aten: Nr 5 – 3.44.42 VM 2005 i Helsinki: Diskvalifisert EM 2006 i Göteborg: Sølvmedalje – 3.42.48, bakom Yohann Diniz (3.41.39) VM 2007 i Osaka: Diskvalifisert OL 2008 i Beijing: Nr 4 – 3.44.08 VM 2009 i Berlin: Sølvmedalje – 3.41.37, bakom Trond Nymark (3.41.16) EM 2010 i Barcelona: Nr 5 – 3.47.56 VM 2011 i Daegu: Diskvalifisert OL 2012 i London: Nr 17 – 3.48.32 VM 2013 i Moskva: Nr 12 – 3.46.44 EM 2014 i Zürich: Nr 8 – 3.45.41 VM 2015 i Beijing: Nr 9 – 3.46.43 OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 20 – 3.54.39
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jesús Ángel García» frå , den 4. august 2018.
World Athletics
Kategori:Spanske kappgjengarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Spania Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1993 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 1994 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1995 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1997 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1999 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2001 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2002 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2003 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2005 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2006 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2007 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2011 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2013 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2014 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2015