Sergej Aleksandrovitsj Kirdjapkin () er ein russisk friidrettsutøvar frå Insar som vann 50 km kappgang både under EM 2005, VM 2009 og Sommar-OL 2012, for så i 2015 å få annullert VM-sigeren og OL-triumfen grunna bruk av dopingmidlar.

Aktiv Kirdjapkin vart andremann på 50 km ved verdspokal-tevlinga i ungarske Miskolc våren 2005, åtte sekundar bak landsmannen Aleksej Vojevodin. Tre månader seinare vart Kirdjapkin ein suveren europameister i Helsinki, tre minuttar føre Vojevodin på andreplass.

Etter tre magre sesongar kom Kirdjapkin tilbake og tok ein klar fyrsteplass under VM 2009 i Berlin, 2 minuttar og 41 sekundar framom norske Trond Nymark. Nesten like klar var sigeren ved verdspokal-tevlinga 2012 i Saransk i Russland i mai månad. Nokså nøyaktig tre månader etter gjekk Kirdjapkin inn til gull då den olympiske 50-kilometeren fann stad i London, knapt eitt minutt framom Jared Tallent frå Australia.

Doping I 2015 og 2016 underkjende Det internasjonale friidrettsforbundet alle Kirdjapkins prestasjonar i tida etter 20. juli 2009, grunna påfallande utslag i hans såkalla biologiske pass. Dermed mista han gullmedaljane frå VM 2009 og OL 2012.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2005 i Helsinki: Gullmedalje – 3.38.08, framom Aleksej Vojevodin (3.41.35) VM 2007 i Osaka: Braut 50 km OL 2008 i Beijing: Braut 50 km VM 2009 i Berlin: Annullert gullmedalje – 3.38.35 EM 2010 i Barcelona: Braut 50 km VM 2011 i Daegu: Braut 50 km OL 2012 i London: Annullert gullmedalje – 3.35.59

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sergey Kirdyapkin» frå , den 7. august 2018.

World Athletics Denne artikkelen bygger på «Sergei Alexandrowitsch Kirdjapkin» frå , den 7. august 2018.

Kategori:Russiske kappgjengarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett