mini|Eit gangspel. Gangspel eller forhalingsvinsj er ein roterande vertikal trommel - noko smalare over midten enn ved endane - som blir bruka til å heva eller flytta tunge gjenstandar, særleg i samband med sjøfart. Det fungerer ved at ein legg løkker av tau, kablar, kjetting eller trosser over trommelen som blir låst av i seg sjølv. Gangspel blir nytta til overføring av sterke horisontale drag i trosser ved forhaling. Ved nokre høve kan ein også løfta anker med gangspel.

mini|venstre|Demonstrasjon av gangspel.

På handdrivne gangspel stikk ein lange, lause spakar inn i hol i toppen av speltrommelen, og ein eller fleire personar er på kvar spak.

Sjå også Ankerspel

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gangspill» frå , den 8. august 2018.

Kategori:Vassfartøykomponentar Kategori:Spanske oppfinningar