Torstein Selvik () var ein norsk politikar frå i Mjeldalen på Osterøy. Selvik representerte Arbeidarpartiet på Stortinget.

Han arbeidde som landmålar 1926 til -28 og 1942 til -44. Selvik var med i feltoget i Valdres i 1940. Han arbeidde med illegale aviser under krigen og vart redaktør i Bergens Arbeiderblad då avisa kom ut att 9. mai 1945.

Selvik var stortingsmann for Arbeidarpartiet frå Bergen i tida 1949 til 1969.

Kjelder Biografi på Stortinget.no

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Bergen Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Norske redaktørar Kategori:Folk frå Osterøy